Vil ha brukte klede til gjenopning av butikk

Pinsekyrkja Filadelfia i Ulsteinvik førebur gjenopning av bruktklebutikken Sarepta.

– Ta kontakt! Anita Høyvik (til v.) og Anne Karin Nygjerde vil gjerne ha brukte klede, sko og vesker til butikken.  

Nyheter

(Vikebladet Vestposten:) – Vi satsar på å opne torsdag 3. juni, fortel Anne Karin Nygjerde då lokalavisa er innom lokala i Bjørndalvegen onsdag kveld. Saman med fleire andre er ho i full sving med å ordne og henge opp klede i lokala.