Lekkasje frå revidert nasjonalbudsjett:

Får ein million kroner til skulpturmuseum

Svor-museet i Hornindal er eitt av tre museum i Møre og Romsdal som vil få pengar i revidert nasjonalbudsjett.

Museumsmillion: Lena Landsverk Sande frå regjeringspartiet Venstre (t.v.) tok turen til Svormuseet laurdag. Tove Lande og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (t.h.) frå Musea på Sunnmøre gler seg over budsjettlekkasjen ho kom med.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

I kulturminister Abid Raja (V) sitt fråvær fekk partikollega Lena Landsverk Sande æra av å avsløre at Svor-museet får ein million kroner i revidert nasjonalbudsjett som blir presentert tysdag.