Vurderer å etablere nytt miljøselskap

Sju sunnmørskommunar er i samtalar om å etablere eit felles miljøselskap. Det vil bety ein samling av ÅRIM IKS og Bingsa Gjenvinning AS.

Nytt miljøselskap: Bingsa miljøstasjon i Ålesund. ÅRIM IKS og Bingsa Gjenvinning AS kan bli slått saman til eit nytt selskap.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Ålesund kommune sende onsdag ut ei pressemelding kor dei skriv at kommunane Vestnes, Fjord, Sula, Giske, Sykkylven, Stranda og Ålesund er i samtalar om å etablere eit felles miljøselskap.