Nordfjord Havn vil starte prosessen med cruisekai på Tyvaneset:

– Grunnlag for to cruisekaier

I sist kommunestyremøte kunne ordførar Per Kjøllesdal (Sp) fortelje at Nordfjord Havn ønskjer å starte reguleringsarbeid knytt til ei cruisekai nummer to. – Vi står ved eit vegskilje, seier assisterande hamnedirektør Sølve Oldeide.

Tyvaneset: Nordfjord Havn vil starte reguleringsarbeid i området ved Tyvaneset (neset nærast i bildet) for ei mogeleg cruisekai nummer to. Saka skal opp i havnestyret førstkomande fredag.  Foto: BENGT FLATEN / Fjordingen

Nyheter

– Nordfjord Havn ser ut frå bestillingar, og slik framtida ser ut, eit behov for å planlegge ei kai nummer to i området. Dei ønskjer å sjekke ut Tyvaneset, som for dei ser ut som ein god plass. Kommunen har ikkje kapasitet til å regulere sjølv, orienterte Kjøllesdal i kommunestyremøtet torsdag.