Rolf Olav Tenden:

– Avgjerda om ny strynefjellstunnel er fantastisk

– Dette vert heilt fantastisk. Det er nesten så eg ikkje trur det sjølv. At ny strynefjellstunnel er lagt inn med oppstart i første periode av Nasjonal Transportplan, er den største politiske garantien for at prosjektet faktisk blir gjennomført.

Rolf Olav Tenden køyrde vegdirektør Ingrid Dahl Hovland frå Loen til Otta slik at ho fekk oppleve Strynefjellet med stor bil i praksis. FOTO: INGE FÆNN 

Nyheter

(Fjordingen)Det seier Rolf Olav Tenden, hovudaksjonær i Thor Tenden Transport AS og dagleg leiar i Tenden Transport. Som mangeårig styreleiar og styremedlem i Norges Lastebileigarforbund Sogn og Fjordane, har han vore eit viktig og synleg andlet i kampen for ny strynefjellstunnel.