No skal vinnaren av Musikkprisen 2021 kårast

Tre finalistar står klare til å spele i finalen for Musikkprisen i Øygardshallen onsdag 9. juni.

Se finalen i Musikkprisen 2021 her!

Nyheter

– Eg har høyrt på låtane, men aldri sett finalistane live tidlegare. Det er det som er kjekt med finalen, seier dagleg leiar i Ocean Sound Recordings, Terje Erstad. Han er juryformann for Musikkprisen.

Juryformann: Kåringa blir avgjort av jury saman med publikumsstemmer.  

Over ti år

Musikkprisen har vore arrangert sidan 2009, med lokale arrangørar som Momentium, Ocean Sound Recordings, Sparebanken Møre, Amfi Moa og Sunnmørsposten.

– Med den posisjonen vi har her på Sunnmøre, og etter kvart i heile landet, er det kjekt å jobbe med å få fram band og artistar som fortener det. Sjølv om det no er ein nasjonal pris, står den framleis sterkast lokalt, seier Erstad.

Vinnaren blir kåra uavhengig av sjanger og alder. Premien er studiotid, opningskonsert på Jugendfest og konsert på Trondheim Calling. Men det er ei føresetnad til at ein kan melde seg på.

– Artisten må vere usignert, og i ein posisjon der dei foreløpig gjer ting sjølv og treng hjelp til å kome seg opp og fram.

Årets finalistar

I år står Emilie Malene Giske, Brita Lilot og Thea Wang i finalen.

Les meir om finalistane her:


Nominert med ein song ho skreiv som 16-åring

Ein pandemi var det som skulle til for at Emilie Malene Giske satsa på musikken. No er ho finalist i Musikkprisen 2021.



Til finalen med ukjent heiagjeng

Etter ei pause frå musikken er Brita Lilot tilbake for fullt. På onsdag er ho ein av tre finalistar til Musikkprisen.



Var ikkje klar over publikumsavstemming

Thea Wang har vore musikar i lang tid. No prøvar ho seg som soloartist for første gong, og er ein av tre finalister til Musikkprisen.


– Det er litt spesielt i år, for det er første gang det er tre kvinnelege soloartistar, med veldig forskjellige uttrykk. Det er tilfeldig at det vart slik.

Finalistane blir stemt fram av publikum og ein jury som består av artistar og bransjefolk.

– Dei er gjennomgåande flinke artistar og gode utøvarar, seier Erstad.

Møt finalistene her.

Blant tidlegare vinnarar står både Mikhael Paskalev, Isak Shorty og Lizz. Vinnaren Erstad hugsar best er Highasakite.

– Premien for Musikkprisen vart den første innspeling deira. Det er nok den artisten som har nådd lengst i etterkant.



9. juni

Dei siste åra har kåringa blitt heldt på Terminalen med publikum. I år vil kåringa finne stad i Øygardshallen på Giske onsdag 9. juni, og strøyma til publikum.

– Vi tar utgangspunkt i å halde kåringa utan publikum. Det blir i hovudsak artistane og teknisk som skal vere der. Det er eit svært område, slik vi skal få arrangert etter alle smittevernforskrifter.

Om juryen må ta kåringa over Teams har dei ikkje bestemt enno, men juryen er spent på korleis artistane gjer seg live.

– Vi veit dei er gode i studio, så det blir spennande å sjå korleis dei klarer seg live. Ein kan aldri føresjå tekniske ting på ein konsert, men bank i bordet, det har gått veldig bra under alle finalane.

Du ser heile sendinga øverst i denne artikkelen onsdag 9. juni kl 18.00.