Nominert med ein song ho skreiv som 16-åring

Ein pandemi var det som skulle til for at Emilie Malene Giske satsa på musikken. No er ho finalist i Musikkprisen 2021.

Finalist: Emilie Malene Giske er ein av tre kandidatar for musikkprisen 2021.   Foto: Privat

Nyheter

– Eg gjekk inn i konkurransen veldig spontant, og hadde ikkje tenkt på kva som kunne skje. No når det er ein realitet vågar eg ikkje berre å drøyme, men også å sette meg konkrete mål.