– Rådhusbygningen er ein katastrofe

– Per no er Ørsta rådhus ein liten katastrofe. Får vi ikkje gjort strakstiltak, må vi flytte ut dei tilsette.

Synfaring: Formannskapet tok seg ei synfaring utomhus på møtet tysdag. Dei slo fast at rådhuset står på skade, og at det er utrygt for folk å gå for nær fasaden.   Foto: Rune Sæbønes / Møre-Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt): Kommunedirektør Wenche Solheim var krystallklar på formannskapsmøtet tysdag: Politikarane må løyve midlar til naudsynte reparasjonar på Ørsta rådhus. Og pengane må kome straks.