Feira med kake

Nordfjordrådet melder at dei feira Stortinget si støtte til ny tunnel på riksveg 15 Strynefjellet med «Strynefjellskake».

Feira: Frå venstre: Ola Teigen (ordførar Kinn), Per Jarle Myklebust (varaordførar Gloppen), Per Kjøllesdal (ordførar Stryn og nestleiar i Nordfjordrådet) og Alfred Bjørlo (ordførar Stad og leiar i Nordfjordrådet).  Foto: Privat

Nyheter

– Vi er utruleg glade og letta over at eit samla Storting slår fast at det skal byggast ny lang tunnel på Strynefjellet, og at bygginga skal starte i første del av NTP-perioden (2022-27). Dette betyr ein tryggare kvardag for alle som har vegen som arbeidsplass, betre rammevilkår for næringslivet – og det har enormt mykje å seie for vidare vekst, utvikling og optimisme i Nordfjord, så vel som på Sunnmøre og regionane aust for fjellet, skriv leiar i Nordfjordrådet, Alfred Bjørlo, i pressemeldinga.