Samlar inn pengar til Alzheimer-forsking:

Går frå Stad til Galdhøpiggen

Mora fekk Alzheimer og døydde. No skal sonen gå over 700 kilometer frå storhavet til Norges tak, for å samle inn pengar til Alzheimer-forsking.

Innsamlingsaksjon: Nils-Jarle Sætre frå Vartdal startar innsamlingsaksjon til inntekt for forsking på Alzheimer. Frå 7. juli skal han gå frå Stad til Galdhøpiggen, med mange omvegar, for å samle inn pengar.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Nils-Jarle Sætre frå Vartdal har starta aksjonen Til topps mot Alzheimer, for å setje fokus på Alzheimer og bidra til forsking som skal finne ein kur mot sjukdomen.