Feil skattesats for Haram og Ørskog

Torsdag sende Ålesund kommune ut skattesetel til alle som skal betale eigedomsskatt. Nokre er blitt feil, men fakturaen skal bli korrekt når den kjem, opplyser kommunen.

Brattvåg sentrum. Illustrasjon  Foto: Haram kommune

Nyheter

I gamle Haram skal dei i år belastast med 1 promille av skatteverdi. Likevel er det i skattesetelen berekna 2 promille eigedomsskatt. Også dei som bur i tidlegare Ørskog har fått feil på skattesetelen.