Aksjonærmiddag for Loen Skylift:

Aksjonærane samla på Hoven: - Fantastisk flott

Små og store aksjonærar i Loen Skylift var samla til ein felles middag på Hoven i høve nyutbygginga til 16,5 millionar kroner.

På plass: – Ein må vere på ballen å halde seg attraktiv. Utbygginga er fantastisk, sa (f.v.:) Anders Drageset, Bente Skaaden, Håvard Skaaden, Terje Tisthammar og Rasmus Drageset frå Innvik. Dei fann seg eit bord på den nyutbygde terrassen på vestsida.  Foto: ROGER OLDEIDE

Nyheter

(Fjordingen): Fine i tøyet og med velkomstdrink i handa fekk små og store aksjonærar ta ein kik i dei nye restaurantlokala og Hoven-anlegget si nye vestside fredag kveld.