Rasistiske kommentarar under konsert: – Heilt uakseptabelt

Helge Ibrahim går hardt ut mot rasisme.

Latent: Rasisme ligg latent i overflata, men ein torer ofte ikkje prate om det, seier Ibrahim.  Foto: SOLVEIG ÅRDAL, NYSS

Nyheter

(Nyss): Måndag 21. juni gjekk Helge Ibrahim, dagleg leiar på Stranda Feriesenter, ut på Facebook om nulltoleranse for rasisme på feriesenteret. Dette kom etter rasistiske utsegn frå gjester mot hans tilsette under konserten som vart arrangert laurdag. Innlegget har i skrivande stund snart opp mot 600 likarklikk.