Sula seier ja til kloakkreinseanlegg

– Dette er eit steg i riktig retning

Forslaget om eit kloakkreinseanlegg på Kvasnestet vant fram i kommunestyret på Sula. No skal saka opp i kommunestyret i Ålesund.

Kvasnes: Dette er den mest sannsynlege plasseringa for eit eventuelt kloakkreinseanlegg på Kvasneset i Sula.  Foto: Asplan Viak

Nyheter

Torsdag 22. juni vart det i kommunestyret i Sula stemt i favør for eit kloakkreinseanlegg på Kvasneset. Fellesforslaget frå Arbeidarpartiet, Venstre, SV, KrF, Christian Birkeland og Jan Arne Sletta fekk eit fleirtal med seksten stemmer. Frp sitt forslag, som var å byggje kloakkreinseanlegg i Sandvika og på Sunde, fekk tretten stemmer.