Åtteåringar tilbudt konfirmasjon

Åtteåringane i Ørskog har fått brev i posten frå Den norske Kyrkja, med tilbod om å bli konfirmert neste år.

Sjøholt: Ørskog kyrkje på Sjøholt. Her blir det konfirmasjon 7. mai neste år. (Arkivbilde) 

Nyheter

– Vi skulle få ei liste over åttendeklassingane, men fekk ei over åtteåringane. Dermed vart utsendinga litt feil. Men eg trur mange har fått seg ein god latter, og det gjer berre godt.

Det seier kateket Olav Rønneberg til Bygdebladet, som først skreiv om denne brevfadesen.

7. mai 2022

I brevet fekk borna detaljert informasjon om korleis dei melder seg på konfirmantundervisninga, medan sjølve konfirmasjonsdagen er sett til 7. mai 2022.

– No er det så lite kristendomsundervisning i skulen at vi innfører ekstra lang konfirmasjonstid, frå andre til niande klasse, spøker Rønneberg.

Velkomne

I samtalen med Bygdebladet nyttar han også høvet til å ønske nye konfirmantar velkomne, men då fortrinnsvis dei som gjekk ut av åttande klasse i år.

– Åtteåringane er velkomne om nokre år, legg kateketen til.