Volda:

Har tilsett ny studiedirektør

Ann Kristin Emblem er tilsett som ny studiedirektør ved Høgskulen i Volda.
Nyheter

Ann Kristin Emblem (58) har teke i mot stillinga som studiedirektør ved Høgskulen i Volda og skal ta til 1. oktober.

Det skriv rektor Johann Roppen i eit nyhendebrev.

Kjem frå Folkeuniversitetet

Emblem er i dag regionleiar ved Folkeuniversitetet i Midt-Norge, der ho har vore tilsett sidan 2010.

I Folkeuniversitetet har ho mellom anna hatt ansvaret for NOKUT-akkreditering og utvikling av høgre utdanning.

Juridisk utdanning

Ho har tidlegare vore tilsett som fylkesskattesjef, advokat og likningssjef.

Av utdanning har Emblem mellom anna juridisk embetseksamen frå Universitet i Oslo og ein master i Kunnskapsleiing frå Handelshøgskolen i København.

Ann Kristin Emblem tek over etter Gonnie Smit, som blir pensjonist.


Studiedirektøren i Volda har sagt opp

Gonnie Smit, studiedirektør ved Høgskulen i Volda, blir pensjonist.