Raffelneset-baserte Holstad Group har utvikla ein «bryggebåt»:

– Moglegheitene med dette produktet er mange

Med arbeidstittelen «Multibrygga Sjøredskap» har Holstad Group skapt ein mobil «bryggebåt» – som kan tilpassast ulike behov – og nyttast til alt ifrå ei tradisjonell flytebrygge til landgangsfartøy.

«Bryggebåt»: Denne farkosten har arbeidstittelen «Multibrygga Sjøredskap» – og er ein «bryggebåt» med mange utrustingsopsjonar i høve behova til kunden. Farkosten stod fjellstøtt då lokalavisa var på staden – og her ser ein Roar Holstad, Sondre Andre Holstad, Gregor Janiak og Bjørg Kari Bakke Holstad om bord.  Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL / Vikebladet vestposten

Nyheter

(Vikebladet Vestposten): I desse dagar er verksemda, som held til på Raffelneset, nett ferdige med testperioden for prototypen av det som er eit sjølvutvikla «bryggebåt»-konsept.