Ein trist dag på Godøya

Det var ei trist, men også letta stemning, då «M/KR Lysglimt» vart løfta på land.
Nyheter

Onsdag 9. juni vart det rapportert at den syttifem år gamle båten «M/KR Lysglimt» tok inn vatn. Båten låg ved hurtigbåtkaia på Valderøya, og vart i dag, fredag, slept av redningsskøyta til Geilevika på Godøya, der den skal hoggast.