Palliativt team ved Ålesund sjukehus:

– Vi skulle så gjerne hjelpt fleire

Trøyst og lindring høyrer med i behandlinga av alvorleg sjuke. Men så var det ressursane, då.

KUNST KAN LINDRE: F.v. Elin Leknes Saint-Sollieux, Svein Eiksund, Terje Takle, kunstnaren Roy Andreas Dahl, Beate Iversen, Kari Myklebust og Øyvind Holsvik. Kreftavdelinga på Åse får desse to bileta i takkegåve.     Foto: Marius Simensen

Nyheter

Ved sjukehuset i Ålesund arbeider ein spesiell gjeng. Dette palliative fagmiljøet er korkje stort eller særleg gamalt. Men på tvers av fag- og kommunegrenser har dei likevel fått til svært mykje.