Sykla Nordkapp - Lindesnes

Mor og dotter nådde målet

– Det var sterkt å få auge på Lindesnes fyr, etter å ha sykla kvar dag i tre veker.

Framme: Elisa og Astrid Bjørdal har sykla frå Nordkapp til Lindesnes. Søndag var dei framme.  Foto: Privat

Nyheter

Det seier Astrid Bjørdal (43) frå Ørsta. Ho og dottera Elisa (17) kom søndag ettermiddag fram til Lindesnes, etter å ha sykla Norge på langs – frå Nordkapp til Lindesnes.