Opnar ny kafé og butikk 1500 meter over havet

Laurdag 3. juli blir det opning av den nye butikken og kaféen på Dalsnibba - eller Geiranger Skywalk Dalsnibba, som er det rette namnet.

Opning: Arbeidsfolket på Dalsnibba tek seg ein pust i bakken, før siste innspurt på å gjere nybygget ferdig.   Foto: Privat

Nyheter

Dagleg leiar Ann Kristin Mossberg fortel i ei pressemelding at Geiranger Skysslag byrja hausten 2019 med utvidinga av eksisterande bygg på Dalsnibba, og no står altså hovuddelen av bygget ferdig.