Sylvi Listhaug på valkampturné

Ikkje fornøgd før ferjeturen er gratis

– Det er heilt ypparleg at ferjetakstane vart redusert frå i dag av. Men det må likevel kome ei bru her, seier Frank Erik Rangsæter til Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Vil ha bru: – Det må kome bru over Voldsfjorden, var Frank Erik Rangsæter sin bodskap då han tilfeldigvis møtte på Frp-leiar Sylvi Listhaug på ferja over Voldsfjorden torsdag.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Rangsæter er på veg over Voldsfjorden i samband med jobb. Sylvi Listhaug er også på jobb. Ho skal sanke røyster til stortingsvalet i haust.