Slik er det nye mediebygget i Volda

– Det blir spanande å flytte inn i eit heilt nytt bygg. Det blir nesten som å begynne på eit nytt studium, seier Håkon Følsvik. – Ja, og eg kjem iallfall ikkje til å sakne det gamle bygget, legg Amanda Ramstad til.

Volda: Jens Standal Groven, Kristian Fuglseth, Amanda Ramstad, Håkon Følsvik og Johann Roppen framføre Sivert Aarflot-huset, det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Dei to 20-åringane er til hausten andreårsstudentar ved PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda. Onsdag fekk dei for aller første gong lov til å sjå innsida av det nye mediebygget. Sunnmørsposten fekk også bli med.