Stor pågang på Borg sommarhotell:

Turistane har innteke byen

Fleire folkehøgskular i landet driv som hotell om sommaren. Ålesund folkehøgskule er éin av dei, og opplever stor pågang.

Snart klar for avreise: Håvar Beyrer gjer bilen klar til avreise medan døtrene Leona og Aylyn er ivrige badmintonspelarar i bakgrunnen. Bak kameraet har hunden Nayka funne seg ein spot i skuggen.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Vi har hatt dette tilbodet i ganske mange år no, seier resepsjonsleiar Tone Langnes, og legg til at det har vore stor trykk i det siste.