Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:

Meiner Blindheim barneskole bryt opplæringslova

Barneskolen sin praksis om å blande nynorsk- og bokmålselevar i alle fag, med unntak av norskfaget, strid mot føresegna i opplæringslova, meiner Statsforvaltaren.

Lovbrot: Blindheim barneskole si organisering av undervisninga og blanding av grupper meiner Statsforvalteren i Møre og Romsdal strid mot føresegna i opplæringslova.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

I samband med skolestart i fjor fekk ein føresett ved Blindheim barneskole melding om at barnet, som har nynorsk som hovudmål, skulle ha undervisning saman med elevar som har bokmål som hovudmål i alle fag der elevane les og skriv, med unntak av norskfaget.