Sunnmørsposten meiner:

«Nok av tid til å lage nye reglar»

Stramma inn: Etter ein eksplosiv vekst i talet på el-sparkesyklar vart regelverket stramma inn i vår, men enno er det mange som etterlyser endå klarare og strengare regelverk.  Foto: Annika Byrde/ NTB

Nyheter

Trygg Trafikk har spurt folket, og folket vil ha promillegrense for førarar av el-sparkesyklar. Dette er ikkje den einaste framtidige regelendringa som må vurderast.

Dagens regelverk er eit lappeteppe som er sydd saman i hast.

Bransjen er kritisk til korleis nye reglar er innført, og meiner at det er skapt stor usikkerheit for både tilsette, selskapa og brukarane. Dei har eit poeng.


Raymond Johansen truer med flere elsparkesykkel-innstramminger

Byrådet i Oslo strammer kraftig inn på reglene for utleie av elsparkesykler. Byrådsleder Raymond Johansen (Ap) sier det kan bli aktuelt å stramme inn enda mer.


Marknaden for utleige av el-sparkesyklar har eksplodert dei siste åra. Frå å vere eit nyskapande og spennande tilskot til mikrotransporten i byane, ser stadig fleire dei som eit problem.

Uvettig køyring og villparkering hindrar ferdsel og er til fare for andre trafikantar.

Uerfarne førarar, rus og høg fart har også gitt mange skader. Berre i juni gav det over 400 skadde til legevakta i Oslo. Kvar tredje pasient på nattetid var skadd i slike ulykker.


Oslo-leger vil ha låste elsparkesykler om natta

Det bør ikke være mulig å leie elsparkesykkel i Oslo nattetid, mener leger ved OUS. De mener byrådet i Oslo må ta grep. I juni ble 14 personer skadd – i døgnet.


Helsepersonell har ropt eit stadig høgre varsku. Fleire av utleigarane innførte stopp i utleige på natt og reduserte maksfarta på syklane. I mange bykommunar har også lokale styresmakter stramma kraftig inn.

I Oslo har byrådet mellom anna kutta makstalet på utleigesyklar med to tredelar. Også i Ålesund vedtok kommunestyret før ferien nye reglar, mellom anna utleigestopp frå midnatt til 05.00.

Dei mange skadane og problema gjer slike grep både forståelege og nødvendige.


Ryde stanser elsparkesykkelbruken om nettene i de fire største byene

Ryde stenger midlertidig tilbudet om elsparkesykkel om nettene i helgene i de fire største byene i Norge. Selskapet oppfordrer andre aktører til å ta ansvar.


Likevel er det verdt også å lytte til bransjen og dei mange nøgde brukarane. El-sparkesykkelen bør kunne bli eit positivt tilskot til transporten i norske byar, men det må ha eit gjennomarbeidd, oversiktleg regelverk og god kultur for bruken.

Reglane som no er innført, ber preg av alt anna enn å vere godt gjennomarbeidde.

Tvert om er dei prega av hastverk. Også samferdselsministeren seier at regelendringane har kome «raskt på plass». Kommunane har hatt minst like stor hast med å tilpasse dei lokalt.


Vedtok retningslinjer for elsparkesykler i Ålesund:

Dette blir retningslinjene for leie av elsparkesykler i Ålesund

Når Ålesund åpner for utleie av elsparkesykler, står det ingen ting i retningslinjene om hvor mange sykler som kan settes ut.


For både utleigarar og brukarar har vi no fått eit lappeteppe av lokale tilpassingar. Selskap som har satsa i marknaden, får store delar av driftsgrunnlaget rive bort frå ein dag til ein annan.

Sjølvsagt må omsynet til liv og helse gå før omsynet til arbeidsplassar og profitt. Selskapa må også sjølv vere med på å ta ansvar.

Slikt hastverk burde det likevel ikkje vere grunnlag for om ein har sett utviklinga i europeiske storbyar dei siste åra.

Tid har det vore nok av. Tid er det også meir enn nok av til å gjere ein betre jobb frå no.