Slik blir 22. juli markert lokalt: – Viktig å minnast dei vi mista

Over heile landet vil kyrkjeklokkene ringe klokka 12.00 på tiårsdagen for terroren. Kommunane Ålesund, Ørsta, Sula og Stryn, som mista innbyggarar 22. juli, har sett opp eigne minnesmerke og det blir markeringar ved desse.

Aldri meir: – Vi seier lett: aldri meir 22. juli. Men viss vi skal seie det, og meine det, må vi vite kva 22. juli er, seier leiaren for Støttegruppa 22. juli Nordvest.   Foto: Privat

Nyheter

Fire unge menneske frå Nordvestlandet vart drepne i terrorangrepa 22. juli 2011.

Ved eksplosjonen i regjeringskvartalet omkom Jon Vegard Lervåg (32) frå Ålesund, og på Utøya miste Guro Vartdal Håvoll (18) frå Ørsta, Sverre Flåte Bjørkavåg (28) frå Sula og Hanne Kristine Fridtun (19) frå Stryn livet.


Kirkeklokker over hele landet vil ringe 22. juli

Alle landets menigheter oppfordres til å ringe med kirkeklokkene 22. juli på tiårsdagen for terrorhendelsene på Utøya og i regjeringskvartalet.


Nedst i saka finn du tidspunkt og program for markeringane i Ålesund, Sula, Ørsta og Stryn. Det blir og markeringar i Molde og Kristiansund i fylket. Arrangementet i Ålesund blir send direkte på smp.no.

Vi har valt å legge inn program for kommunane som mista innbyggarar 22. juli. Det er også markeringar fleire stader, mellom andre i Volda og Hareid kyrkje.

Luise Gjersvoll, leiar for Støttegruppa i Nordvest, meiner det er viktig å markere 22. juli og minnast dei som mista livet.

– Først og fremst skal vi ha fokus på at vi aldri skal gløyme dei fire frå Nordvestlandet som mista livet. Vi skal hugse og minnast dei og deira liv, seier Gjersvoll.

– Aldri meir 22. juli

– Vi som er vaksne eller i alle fall over fire år i 2011, hugsar kva vi gjorde og kor vi var den 22. juli 2011. No kjem stadig nye unge menneske som ikkje har eit minne om 22. juli. Då er det vår plikt som samfunn å lære opp dei unge generasjonane, seier Gjersvoll.

Det gjer vi gjennom å markere sjølve dagen, men og gjennom skule og utdanning, meiner leiaren for Støttegruppa. I intervjuet med Sunnmørsposten tok etterlatne foreldre til orde for å få meir om 22. juli inn i skuleverket, og dei oppfordra lokale skular og foreldre til å ta initiativ til å reise til 22. juli-senteret og Utøya for å lære om demokrati.

– Vi seier lett: Aldri meir 22. juli. Men viss vi skal seie det, og meine det, må vi vite kva 22. juli er. Det neste spørsmålet blir då: korleis kunne det skje? seier Gjersvoll.

– Å seie «aldri meir» forpliktar oss som samfunn, både institusjonar, politi, helsevesen, beredskap. Men det forpliktar og kvart enkeltmenneske til å ta vare på samfunnet og verdiane vi har, som terroristen gjekk til angrep på 22. juli.

Ålesund

Spjelkavik kyrkje er open frå 16.00 til 17.45, med servering av kaffi.
Program ved minnesmerket sør for kyrkja frå 16.30 til 17.30.

  • Musikalsk innslag
  • Ordførar Eva Vinje Aurdal ønsker velkomen
  • «Mitt lille land»
  • Tale og kranspålegging ved statsforvaltar Rigmor Brøste
  • Minnetale ved kommunestyrerepresentant Åse Kristin Ask Bakke
  • Allsang: «Til Ungdommen»
  • Minnetale ved ordførar Eva Vinje Aurdal
  • «Så kom den til oss»
  • Tale ved Peter Linge Hessen, som var på Utøya
  • Ordfører avslutter
  • Musikalsk innslag

Gratis filmframsyning for dei frammøtte klokka 18.00 på Odeon
Film: Generasjon Utøya

Ørsta

12.00 Ørsta kyrkje ringer med kyrkjeklokkene

12.05 Velkommen ved varaordførar Karen Høydal (AP)

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (AP) held tale for dagen og legg ned blomar ved minnesmerket

  • Musikalsk innslag ved Ørsta Hornmusikk
  • Statsforvaltaren ved Berit Brendskag Lied legg ned blomar og held appell
  • Appell frå AUF ved Elise Stokken
  • Appell frå Ørsta ungdomsråd ved leiar Tare Reklev Øverbø
  • Avsluttande innslag ved Ørsta Hornmusikk

Det blir framsett stolar i høve arrangementet. Markeringa varer om lag ein time.

Etter at det offisielle programmet er avslutta, vil det vere høve til å oppsøke Ørsta kyrkje for refleksjon for dei som ønskjer det

Sula

Sula kommune ønsker å minne og heidre ofre og pårørande, og inviterer til minnemarkering ved indre Sula kyrkje.

Kyrkjeklokkene over heile landet ringer kl. 1200.

Lokalt program for Sula kommune frå kl. 17:00

  • Opning av seremoni. Tale ved ordførar. Kransenedlegging
  • Musikkinnslag: Liv-Sissel Lumapas Remø og Geir Harald Eikrem.
  • Statsforvaltaren. Minneord. Kransenedlegging
  • Fagforbundet. Minneord. Kransenedlegging.
  • Ev. andre som vil seie noko.
  • Musikkinnslag: Liv-Sissel Lumapas Remø og Geir Harald Eikrem.
  • Markeringa blir avslutta ved bauta.

I etterkant av markeringa er det open kyrkje.

Stryn

Markering ved minnesmerket i Betaniaparken frå 12:00

12:00 – 12:05 kyrkjeklokkene ringer, klokkespel frå Stryn kulturhus

  • Varaordførar Torstein Tvinnereim ønskjer velkomen
  • Kransenedlegging
  • Musikkinnslag Stryn musikklag «Til ungdommen»
  • Tale stortingskandidat Vestland Arbeiderparti Torbjørn Vereide
  • Tale regionleiar LO Vestland Førde Nils Petter Støyva
  • Tale tidlegare leiar i Stryn AUF Paulina Sitarz
  • 1 minutt stille
  • Musikkinnslag – Stryn musikklag «Nordfjordsongen»

13:00 Lunsj for inviterte gjester i Tingsalen Stryn kulturhus

Opne kyrkjer:

Oppstryn kyrkje 10:00 – 18:00

Nedstryn kyrkje 12:00 – 18:00

Molde

Molde Domkirke torsdag 22.juli kl. 12.00-13.00

Alle ordførarane og leiarane av ungdomsråda i fylket vil bli invitert hit saman med andre offisielle personar. Domkirka vil vere open for alle, med atterhald om smittevernregler på det aktuelle tidspunktet. Arrangementet vil skje i nært samarbeid med biskopen i Møre, støttegruppa for 22. juli Nordvest og Moldejazz, slik som ved 5 års markeringa i 2016.

Støttegruppa 22. juli Nordvest er med i arbeidsgruppa for 10 års markeringa. Her deltek også Fylkesordførar (Ap) og AUF. Vår offisielle markering er forsøkt tilpassa tidspunkt for markeringar vi veit skal skje nasjonalt og andre stader i fylket seinare på dagen.

Vi har valt å legge inn program for kommunane som mista innbyggarar 22. juli. Det er også markeringar fleire stader, mellom andre i Volda og Hareid kyrkje.