Stein ramla ned på vegbana i Loen

Ein stein på 150 kilo ramla ned på fylkesveg 60 ved Loen skule i Lovik måndag.

Stein i vegen: Eirik Bødal var første bilist til steinen som ramla ned på fylkesveg 60 i Lovik måndag føremiddag. Han dirigerte sjølv trafikken til Mesta var på plass. FOTO: INGE FÆNN 

Nyheter

(Fjordingen) Rundt kl. 11 måndag føremiddag ramla ein stein ned på vegbana på fv 60 sør for Loen skule i Lovik. Steinen, som var ein snau meter lang og rundt 150 kilo, trefte heldigvis ingen bilar.