Mange slit framleis etter 22. juli

Hjelpa forsvann for fort for mange

Om lag ein av tre Utøya-overlevande slit framleis med posttraumatiske stressymptom. Mange overlevande og etterlatne opplevde at hjelpa forsvann for fort.

Utøya, 2011: Blomster på fastlandet nær Utøya i etterkant av terrorangrepa 22. juli 2011. Ti år etter terroren slit framleis ein av tre overlevande med posttraumatiske stressymptom.   Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

Nyheter

– Det er framleis mange som har det vanskeleg og som har fysiske og psykiske plagar etter terroren. Mange må leve med sår etter terroren 22. juli 2011, seier Lusie Gjersvoll.