22. juli-markering i Ørsta:

– Vi skal hugse Guro og dei andre som aldri kom heim

Om lag 250 menneske samla seg torsdag i Laguneparken i Ørsta for tiårsmarkeringa av 22. juli 2011. Ein dag som framleis er prega sorg og fortviling, men også av kjærleik og varme.

BEREDSKAP: – Beredskap er ikkje berre helikopter og politibåt, det er også førebyggande arbeid mot haldningar som spreier seg på nett og i kommentarfelt, uttalte Fredric Holen Bjørdal i sin appell til dei frammøtte ved tiårsmarkeringa til terrorangrepet 22. juli.  Foto: LENE FLATAKER

Nyheter

– Eg kjenner på eit slags sinne, nesten, og eit gryande behov for å ta desse oppgjera eg har hatt berøringsangst for å ta lenge. Det er eit litt spissare bodskap i år enn kva det har vore før. Eg har hatt ein del ting på hjartet eg ville seie, og i dag var rett tidspunkt å seie det på, seier ein tydeleg prega Fredric Holen Bjørdal til Sunnmørsposten.