Markering på tiårsdagen for terroren 22. juli 2011 i Betaniaparken i Stryn. Varaordførar Torstein Tvinnerem heldt ein sterk og personleg tale og la ned kransar på vegne av kommunen og støttegruppa Nordvest. Fremst står Kolbein og Eva Fridtun, som mista dottera Hanne Kristine. Foto: Thomas Fure

Sterk og personleg markering til minne om Hanne Kristine

Tiårsdagen for terroren blei markert med sterke og personlege talar ved minnesmerket i Betaniaparken. Fleire sette ord på ansvaret kvar og ein av oss har for å ikkje godta hatefull retorikk.