– Eg handla i nødverje

Kvinna som er skulda for å angripe svana Svanhild i Grodås tysdag kveld kjem med sin versjon av opptrinnet som er politimeldt.

Hornindal: Svanhild fotografert søndag ettermiddag. Slik sit ho ofte og kikar utover småbåthamna.  Foto: BENGT FLATEN

Nyheter

– Det var svana som angreip meg og hundane mine, som alle var i band, startar kvinna. Ho er tydeleg opprørt etter å ha lest det ho meiner er sterke og usanne skuldingar mot seg sjølv etter at ho tok grep om nakken på svana.