Samlar inn pengar til forsking:

Nils-Jarle har gått 21 dagar mot Alzheimer

Med eit flagg med teksten «Til topps mot Alzheimer» i sekken starta Nils-Jarle Sætre (50) gåturen frå Ervik på Stad til Galdhøpiggen for 21 dagar sidan. Onsdag har han akkurat passert Dovrefjell.

Telt i Ervika: Nils Jarle Sætre (50) samans med turkompisen «Finn En Kur».  Foto: Privat

Nyheter

Etter å ha levd med Alzheimer i fleire år døydde mora til Nils-Jarle i fjor. Han ønska å bidra til å finne ein kur imot sjukdommen, og starta dermed aksjonen «Til topps mot Alzheimer». Så langt har han samla inn 560.000 kroner gjennom Spleis og Vipps, men målet er ein million.