Svanhild på beina att etter veterinær-sjekk

Veterinær Jan Valheim sjekka spiserøret på svana Svanhild med sonde, utan å finne hol eller skade. Heller ikkje beina eller vengene ser ut til å ha fått anna enn skrubbsår.

Sjekk: Veteriær Jan Valheim sjekka spiserøret på Svanhild ved hjelp av sonde, og kjende deretter på halsen til Svanhild. - Nederst var spiserøret vridd over på høgre side, men eg fann ikkje hol i det. Etterpå tok svana til seg mat og drikke, noko som lovar bra, seier Valheim.  Foto: BENGT FLATEN/ Fjordingen

Nyheter

Fjordingen: Det var tysdag kveld ein kvinneleg turist på gjennomreise gjennom Hornindal skal ha teke tak i nakken på den tamme svana som oppheld seg på Grodås, og vridd rundt, under påstand om at det var i sjølvforsvar.