Stadig fleire meldingar om smitta:

Smittetalet aukar, og er no oppe i 61 i løpet av torsdag

Koronatesting, arkivfoto.  Foto: Svein Nordal, Møre-Nytt

Nyheter

Møre-Nytt: Stadig fleire personar i Ørsta-Volda får melding om at dei er koronasmitta.

Litt etter klokka 20.00 oppdaterer Ørsta og Volda kommunar smittestatusen:

«I dag er det meldt om til saman 61 nye smittetilfelle i Ørsta/Volda. Til saman er det no registrert 81 smitta personar i dei to kommunane i dette utbrotet.»

Vidare står det i pressemeldinga:

«Dersom vi skal unngå å sprenge sporingskapasiteten og med det risikere at smitten spreier seg endå meir, er det svært viktig at kvar og ein av oss gjer det vi kan for å redusere risikoen for smitte dei komande dagane og i helga. Klarer vi det, kan vi kanskje unngå å måtte vedta lokale forskrifter med skjenkeforbod og forbod mot å samlast med verknad for inntil 14 dagar framover.

Dette er ein svært alvorleg situasjon. Difor oppmodar kommuneoverlege Marte Vaage Øie, ordførar Stein Aam og ordførar Sølvi Dimmen folk om å redusere sosiale møte, utanom familie og nære, til eit minimum, og arrangørar vert oppmoda om å avlyse alle arrangement komande fredag og helg.»

Etter helga er det til no registrert 81 nye koronasmitta i Ørsta-Volda.


Stort utbrot i Ørsta og Volda:

Vitne om restaurant: - Inne var det stappfullt og sydenstemning

My Kitchen i Volda får kritikk for å ha sloppe inn mykje folk laurdag 24. juli. Volda kommune har meld restauranten til politiet.



Sommarljom i Ørsta:

Festival som planlagt - men med ekstra fokus på smittevern

Festivalen Sommarljom i Ørsta med 200 selde billettar gjekk som planlagt torsdag.



15 nye koronatilfeller i Ålesund: – Stort deltautbrudd

Det siste døgnet har 15 personer fått påvist koronasmitte i Ålesund. Det er ti flere enn samme dag forrige uke. Kommunen varsler om et større deltautbrudd.