Dugnad mot smittespreiing:

– Ta ansvar og sei ifrå til dine nærkontaktar

Det gjekk over ei veke frå Elias var i kontakt med smittekjelda, til han sjølv blei bedt om å teste seg. Smittesporing rekk ikkje å kontakte alle med ein gong.

Smittesporingsteam: Frå venstre: Johanne Ressem og Aurora Midtflø i smittesporingsteamet, saman med kommuneoverlege Marte Vaage Øie (t.h.).  Foto: Lene Flataker

Nyheter

Torsdag la Else-Mari Opsal Aarseth frå Ørsta ut eit innlegg på Facebook kor ho fortel at dei som har vore i kontakt med sonen hennar, Elias, siste veka, må teste seg for covid-19.