Ofte trafikkaos i Lodalen:

Dirigering fell på dei lokale

Dei siste vekene har det ved fleire høve vore bom stopp i trafikken opp og ned Lodalen. Fredag stod det lodøler fleire stader langs vegane, med mobilsamband, for å løyse knuten. Det er ikkje uvanleg at dei må trå til med dirigering på denne måten.

Flaskehals: Tor Arve Sande er næraste nabo til flaskehalsen Hamrane.  Foto: STINE FJELLKÅRSTAD/ Fjordingen

Nyheter

Fjordingen: Fredag stod trafikken fast i over ein time. Då Per Bjarte Myren skulle nedover Lodalen hadde det stampa seg, og han måtte hjelpe til å få løyst opp den kilometer lange køen. Eit omfattande nett av lokale vart ståande på postar med mobilsamband, for å sjå kvar og når vegen var klar. – Vi heldt att trafikken og sende puljer på tre og tre bilar vidare, seier Vigdis Ripe Sande.