Nesten 100 smitta i Volda og Ørsta

Oppdatering: Fredag kveld er det meldt om 16 nye smittetilfelle. Til saman er det no registrert 95 smitta personar i Ørsta og Volda, melder Volda og Ørsta kommune fredag kveld.
Nyheter

– Vi ventar framleis på mange testresultat, skriv kommunane fredag kveld.

LIVESTUDIO: Få siste nytt om koronasituasjonen her.

Kommuneleiinga i dei to kommunane og kommuneoverlege Marte Vaage Øie har møttest for å drøfte situasjonen før helga.

Kommuneoverlege: Marte Vaage Øie.  Foto: Ørsta/ Volda kommune

Det er også halde eit møte mellom statsforvaltaren og kommunane på Sunnmøre, der Folkehelseinstituttet var til stades.

– Vi jobbar på spreng for å få testa alle og vil halde fram med testing gjennom heile helga. I løpet av fredagen vert det tatt over 700 testar i Hovdebygda. Dette har ført til ein del kø, men kommunen og politiet har vore på staden for å organisere bilkøen.


Avventar nedstenging i Ørsta/Volda

Det blir ingen særskilde koronatiltak for Ørsta og Volda før helga.


Med så høge smittetal er det smittesporing som er den store utfordringa for kommunane.

– Vi vil derfor takke alle for samarbeidet med å varsle kvarandre, teste seg og halde seg heime, sjølv om ein ikkje har fått telefon frå smittesporingsteamet. Vi ønskjer i det lengste å unngå å måtte stenge ned lokalsamfunna Ørsta og Volda. Vi har tillit til at vi kan greie å snu dette saman, utan å måtte innføre lokale restriksjonar, skriv kommunane.


Dugnad mot smittespreiing:

– Ta ansvar og sei ifrå til dine nærkontaktar

Det gjekk over ei veke frå Elias var i kontakt med smittekjelda, til han sjølv blei bedt om å teste seg. Smittesporing rekk ikkje å kontakte alle med ein gong.


Denne helga ber dei alle om å vere med på ein dugnad for å unngå nedstenging. Alle må ta eit personleg ansvar for å stanse smittespreiinga, skriv Ørsta og Volda, som har følgjande oppmodingar:

  • Folk vert oppmoda om å redusere sosiale møte, utanom familie og nære, til eit minimum
  • Arrangørar vert oppmoda om å avlyse alle arrangement i helga
  • I tillegg oppmodar vi om å bruke munnbind, der det er vanskeleg å halde 1 meter avstand
  • Ver ekstra nøye med dei generelle smittevernreglane

Barnehagane som startar opp att frå 2. august, sommarskulen og SFO vil vere opne og i drift, men på gult nivå frå og med måndag 2. august.




Eva Vinje Aurdal: – Er grunn til rope ut et varsko til innbyggerne våre

Smittesituasjonen i Ålesund slår nye rekorder, men kommunen innfører ikke noen nye strenge tiltak nå.



Stort utbrot i Ørsta og Volda:

Vitne om restaurant: - Inne var det stappfullt og sydenstemning

My Kitchen i Volda får kritikk for å ha sloppe inn mykje folk laurdag 24. juli. Volda kommune har meld restauranten til politiet.