Innfører ikkje restriksjonar trass utbrot: – I stor grad takka vere at folk har teke ansvar

Ørsta og Volda innfører ikkje restriksjonar, takka vere det enorme arbeidet som er gjort i kommunane den siste veka, ifølge ordførarane.

Orienterte: Ordførar i Ørsta, Stein Aam og ordførar i Volda, Sølvi Dimmen heldt pressekonferanse om koronautbrotet.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

Kommuneleiingane møttest måndag føremiddag for å vurdere om dei skulle innføre ei lokal koronaforskrift med særlege restriksjonar på grunn av utbrotet som går føre seg i området.