Skogbrann på Årheimsfjellet i Stryn:

Sløkkingsarbeidet held på framleis

Søndag fekk brannmannskapet i Stryn inn melding om brann i fjellsida på Årheimsfjellet. Onsdag held sløkkingsarbeidet på framleis

Brann på Årheimsfjellet: To helikopter er på staden for å hjelpe til med slukkinga av skogbrannen i Stryn.   Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust / Fjordingen

Nyheter

Onsdag klokka 13: To brannhelikopter og eit mannskap på åtte brannkonstablar held på med sløkkearbeidet av den tredje brannen som starta søndag. Førre veke sløkte dei først to brannar i same område, opplyser Fjordingen.