Ny deltakarrekord, men bekymring rundt smittevern

Fleire bilete tydar på at enkelte reglar og anbefalingar ikkje blei overheldt under Gummibåtfestivalen i Stryn.

Leik på elva: Mellom 300 og 400 personar deltok på Gummibåtfestivalen i Stryn. Her er det folk som gjer seg klare for å la seg drive nedover Stryneelva i fem kilometer, før dei når sentrum.   Foto: ROY ARON BRENVIK MYKLEBUST / Fjordingen

Nyheter

Heldt ikkje ein meters avstand

Dei nasjonale reglane seier at ved gjennomføring av arrangement og samankomstar på offentleg stad er det krav til at alle skal halde ein meters avstand. Kommuneoverlegen i Stryn, Markus Solbakken, bekreftar at deltakarane burde haldt ein meters avstand i gummibåtane.