Flytta drifta av fleire terminalar over til Moskog:

Bring har lagt ned i Stryn

Fredag var siste dagen for Bringterminalen i Stryn. Måndag opnar den nye terminalen på Moskog ved Førde. Postbudavdelinga held fram i Stryn. Det same gjer spedisjonsavdelinga som i februar 2020 vart seld til Nor-log Thermo.

Moskog: Posten Bring sin nye terminal på Moskog utanfør Førde. Pressefoto 

Nyheter

(Fjordingen): – Det er etter kvart lenge sidan avgjerda om nedlegging av terminalen i Stryn vart teken. Til den nye terminalen i Førde skal i tillegg til Stryn delar av drift frå Ålesund, Kaupanger og Førde flyttast. Ein spreidd terminalstruktur er no samla til den nye, topp moderne Posten Bring-terminalen på Moskog, fortel Eva Kristin Tveit, avdelingsleiar køyrekontor og transport på Moskog.