Arne Sandnes i Valldal:

På beina igjen etter alvorleg sjukdom

– Heretter skal eg ikkje klage på skatten. Eg har nemleg fått oppleve kva for fantastisk helsevesen vi har. Arne Sandnes (74) hadde tidlegare knapt vore innom eit sjukehus før han på seinvinteren vart alvorleg sjuk.

I farta: Arne Sandnes er igjen i aktivitet, frå morgon til kveld.   Foto: Terje Engås

Nyheter

– Dette var i mars. Eg trente til Birken ved å gå på ski oppe i Valldalen, og var i ganske god form. Plutseleg vart eg svært kortpusta og dårleg i magen, og kara meg heim.