Eva Vinje Aurdal svarer på kritikk frå Listhaug:

– Er kommunereforma berre ein god idé dersom det er Frp som styrer?

Sylvi Listhaug meiner Ålesund kommune er vanstyrt. Det får ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) til å stusse.

Forstår ikkje kritikken frå Listhaug: Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune.  Foto: Staale Wattø (arkiv)

Nyheter

– Eg snakkar jo hyppig med folk i Ørskog, og veit at mange er svært misnøgde med nye Ålesund. Dessverre har dei som vanstyrer den nye kommunen med Senterpartiet og Arbeidarpartiet i spissen bidrege til det, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug i eit ferskt intervju med Sunnmørsposten.