Klaga til statsråden og fekk ja til å bygge ned dyrka mark

Det var enkelt å gje kommunen medhald i denne saka, seier kommunalminister Nikolai Astrup (H). 

Sa ja til å bygge ned: Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) besøkte Sykkylven fredag. Bak f.v. grunneigarane Jostein Overvoll, Johan Aurdal og Leon Aurdal. Framme f.v. Lise Haukeberg, leiar for omstillingsprogrammet i Sykkylven, statsråd Nikolai Astrup og Vetle Wang Soleim (H), kandidat til stortingsvalet 2021.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Dei siste åra har det blitt vanskelegare å få omdisponert landbruksareal til bustader eller andre formål. Etter ordre frå Solberg-regjeringa har også statsforvaltarane gjort nålauget trongare for dei som vil klage til departementet, opplyser statsråd Astrup (H).