På veg til hytta i Ørsta:

Hamna midt i branndrama i tunnelen

– Eg kjende at eg fekk puls då vi måtte til å snu bilen inne i tunnelen. Eg trur vi skal køyre om Åndalsnes neste gong vi skal på hytta.

Måtte snu: Grete Boye-Olsen og Christian Øwre frå Bærum var på veg til hytta i Ørsta, då dei kom midt oppe i branndramaet inne i Oppljostunnelen.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Det seier Grete Boye-Olsen. Ho og Christian Øwre var på veg til hytta i Bondalen i Ørsta, då dei hamna midt oppe i bilbrannen i den fire og ein halv kilometer lange Oppljostunnelen på Strynefjellet.