Nordøyvegen

Snart er det samanhengande veg

Siste støyp på Laukebrua blir gjort neste veke. Då er Nordøyane landfaste.
Nyheter

Neste veke er det råd å gå frå fastlandet til Lepsøya – i alle fall for dei som jobbar med Nordøyvegen. Etter planen blir siste dekkestøyp fullført onsdag kveld neste veke. Då er det 2,5 kilometer samanhengande veg over Lepsøyrevet.