Ryddar opp etter 105 års gruvedrift

I 1916 starta utvinninga av kol frå Sveagruvene på Svalbard. No er det slutt, og heile gruvesamfunnet skal leverast tilbake til naturen. Fleire frå Sunnmøre er med på dette omfattande arbeidet.

Ryddar: Krister Rakvåg og Oliver Busengdal i kvar sin store maskin fjernar bygg i Svea.  Foto: Privat

Nyheter

– Vi arbeider i selskapet AF Decom AS, og har vore her sidan i vinter. Arbeidet går ut på å rive Sveia-leiren. Eg reknar med at vi er ferdige til jul. Men sjølve oppryddingsarbeidet starta Hæhre AS med før vi kom.