30 nye smittetilfelle i Ålesund – 13 er studentar

Nyheter

Ålesund kommune har fått meldt 30 positive koronatilfelle sidan fredag 20. august. Det opplyser kommunen om i ei pressemelding.

Dette er det høgste talet regstirert på ein dag nokon sinne.

· 25 tilfelle er nærkontaktar og har vore i smittekarantene.

· 4 har vore i innreisekarantene.

· 1 har ukjend smittekjelde.

· 13 av dei 30 koronatilfella er studentar ved NTNU. Smittespreiinga i studentmiljøet ved NTNU avgrensast foreløpig til ei studentgruppe. Dei fleste studentane som smittesporingsteamet har vore i kontakt med er vaksinert med 1 dose.

– Vi oppmodar alle som blir kontakta av smittesporingsteamet til å følge råda som blir gitt, seier kommuneoverlege Victoria Guzenko Natvik i pressmeldinga.

Kommunen sine lokale råd er:

· Bruk munnbind når du ikkje kan halde minst 1 meter avstand

· Ha maks 10 personar på besøk heime, både ute og inne

· Ha låg terskel for å teste deg

· Vaksiner deg

Ifølge NRK Møre og Romsdal vil kriseleiinga i kommunen ha eit møte mandag. Det kan verte aktuelt med ei ny, lokal forskrift.