Malibulåven opnar dørene i helga:

Endeleg klart for skatefestival igjen

Skaterampa i Malibulåven på Vigra er klar for alle som har lyst til å prøve seg i konkurransen. Etterpå blir det låvekonsert med bandet «Skapsmak» laurdag kveld.

Festival på dugnad: Arrangørane bak skatefestivalen på Vigra er fv. Frida Olsen, Siri Andreassen og Maria Fylling Devold. Her foran Malibulåven med hunden Eddy.  Foto: Privat

Nyheter

– Vi oppfordrar spesielt fleire damer til å komme og prøve seg, anten dei er ganske ferske med rullebrett eller meir erfarne. Dette er ein lavterskel-konkurranse der alle som vil kan vere med, seier Siri Andreassen. Ho eig Malibulåven på Vigra, og er arrangør av skatefestivalen saman med Frida Olsen og Maria Fylling Devold.